Naturhavn
Region: Norway (3088), Møre og Romsdal (288), Herøy (29), Tjørvåg (8) og Fosnavåg (3)
Eileen Gjerde sier:
beskrivelse
Innseiling og maritime forhold: Herøysundet ligg ved Herøya, i Flåværleia. Ver merksam på grunner sb-side og bb-side like før du kjem inn Herøysundet. Innseglinga er godt merka og det er ei god hamn å ligge i. Ver merksam på vind frå sørvest. Djupna er 7,7 m og 5 m ved land.
Ankring: I Herøysundet kan ein fortøye både mot land og med anker i hamna. Djupna er 7,7 meter. Sjå elles sjøkart for detaljar.
På motsett side/nordsida av Herøya er det fast kai med enkel flytebrygge som kan nyttast fritt. Djupna er 2,3 meter, og ein kan segle inn frå Flåværleia på begge sider av Stegleholmen.
I sanitærbygget bak museet er det ferskvasskran og døgnope toalett i perioda påske-haustferien.
På p-plassen (200 m å gå) er det avfallskontainarar.
Området: Øya Herøy har hatt ein sentral plass i regionen i over 1000 år. Her var kyrkjestad med gildestove i middelalderen, tingstad, prestegard og handelsstad fram til 1916. Herøy var den fyrste viktige hamna nord for Stadt og øya ligg i Flåværleia – farleia som til alle tider har bore dei sjøfarande enten rakt i gjennom til andre mål eller til ei trygg hamn i sjølve leia.
I dag kan ein besøkje Herøy gard med kystmuseet og Sunnmørsjekta Anna Olava, som utgjer den gamle handelsstaden slik den såg ut på 1700-1800 talet. Herøy gard er også nøkkelstad langs Kystpilegrimsleia og er eit nydeleg rekreasjonsområde med turveg, tursti og pilegrimsti. Ein ta seg til øya både med båt og bil.
0 x helpful | written on 7. Jun 2021 | updated_on 28. Feb 2023
Er du kjent i farvannet og i denne havna? Da er det til stor hjelp for andre båtfolk om du legger til en kort beskrivelse.
Beskyttelse neste natt
86 poeng
Want to know how the wind score works? Then you should read this explanation.
Vindmeldingene kommer fra yr.no, og ble sist oppdatert for 1 time og 51 minutter siden (Mandag 20 Mai 08:38). Poengene for neste natt er den dårligste poengsummen mellom 22:00 og 08:00 neste natt. Vi anbefaler alltid å sjekke vindmeldingene fra flere kilder. windy.com er gode for å se de større vindsystemene..
De sikre vindretningene for denne havna ble lagt inn 7. Jun 2021. Klikk her for å endre.
Velg en annen dato enn i dag
Viktig: Når du sjekker inn i en havn så legger du den til en reise. Du booker ikke fysisk plass i havna
Bidragsytere Eileen Gjerde, ©norgeskart.no og Olav Pekeberg
norskhavneguide.no holdes oppdatert av båtfolket. Når du bidrar med bilder, tekst eller informasjon legges du til her som takk for hjelpen (du kan selvfølgelig velge å ikke stå oppført).
Filter
Sorter
0 havner
Vis flere havner